Orientering til nybyrjarforeldre – kva skjer i Bø skulemusikk?
- sist oppdatert 16.03.2013

Det er tre kategoriar musikantar i Bø skulemusikk:
- Nybyrjarar – 1. år: Berre individuell/gruppeundervisning.
- Aspriantar – 2. år: Også samspel i aspirantkorpset
- Korpsmusikantar – 3. år: Samspel i hovudkorpset.

17. mai kan nybyrjarane gå med korpset og bære duskane på fanen.
Dette lagar vi eige skriv om. Etterpå får alle musikantar – også nybyrjarar – servert pizza på Pizzafjoset.

I paraden fredag på Sommarlandfestivalen trengs også duskebærarar. Bø skulemusikk går alltid sist, og marsjerer gjennom gata til Bø torg eller Gullbring.

Om hausten startar musikkskulen opp same veke som skulen. Etter eitt år som nybyrjar, blir ein aspirant – fortsatt enkelttime med lærar – men i tillegg er det øving samla – kvar torsdag kl. 14.45-15.45 i Gullbring (Sminka)

Årets aspirantar blir medlemer i hovudkorpset til 17. mai.

Turar/Seminar:

Korpset har normalt innanlandstur kvart 4. år og utanlandstur kvart 4. år, slik at det er tur annankvart år. Reisemål blir bestemt av foreldre og styret. Det året det ikkje er tur, er det helgeseminar i august/september. I juni 2013 er det tur til Blokhus/Aalborg. Vi ser stort på det, og reknar i denne samanhengen Danmark som innland. I mars er det alltid helgeseminar på Raulandsakademiet. Her er aspirantane med. Då er det mykje øving men også mykje sosialt samvær.  Søndagen er sett av til aktivitetar som ski/slalåm/riding.

Reisemåla på turane våre:

2004: Bournemouth, England

2007: Cape Town, Sør-Afrika (jubileumstur, 40 år)

2009: Blokhus/Aalborg, Danmark (“innanlandstur”)

2011: Gardasjøen, Italia

2013: Blokhus/Aalborg, Danmark (“innanlandstur”)

2015: ?

2017: 50-års jubileumstur til månen

 

Konsertar:

I oktober er det korpstreff der vi inviterer korps frå nabokommunene til å spele konsert for kvarandre.  I pausa er det pizza og sosialt samvær. I mars er det konsert saman med Bø ungdomskorps for å spele det ein har øvd på i Rauland.

 

Andre faste ting:
Julegrantenning er ein fast tradisjon, og den er på Bø torg fredag før 1. søndag i advent. Juleshow har vi også hatt fast i mange år.  Det er musikkskulen som arrangerer det, men her er alle som har enkelttimar på instrument med og deltar.  Og mange foreldre hjelper til før, under og etter showet.  Det foregår fredag og laurdag første helga i desember. Julaftan spelar vi på siste gudstenesta i Bø kyrkje. På årsmøtet er det også konsert og utdeling av medaljer. Musikantar som står til konfirmasjon får besøk av korpset under festen.

 

Økonomi:

Kontingenten i skulemusikken er for tida kr. 1500,- pr. år for både nybyrjarar, aspirantar og korpsmusikantar. Dette inkluderer opplæringa i musikkskulen. Søskenmoderasjon gjer at prisen for to er kr. 2600,-. Opplæring i musikkskulen på andre instrument enn korpsinstrument kostar omlag kr. 1000,- meir.

Korpset subsidierer altså opplæringa i musikkskulen, i tillegg til å stille instrument til disposisjon. Kontingenten blir kravd inn to gonger pr. år, i oktober og mars. Eigendelen for eit helgeseminar er kr. 600,-. Eigendelen på turar varierer på innland/utland, og er for tida ca. 3000,- på ein utanlandstur.

 

Dugnader:

Vi har to store dugnader i korpset: Sommarlandfestivalen, som er 21.-23.06.2013, og loppemarknaden 24.-25.08.2013. I tillegg til dette tar vi også på oss andre mindre dugnader på forespørsel. Nybyrjararforeldre blir gradvis involvert i dugnadene våre.

 

Informasjonsarbeid:

Heimesida til skulemusikken, www.skulemusikken.no prøver vi å halde aktuell.

Semesterplanen som ligg der skal normalt vere oppdatert til ei kvar tid.

E-post til foreldra er den normale kommunikasjonskanalen frå styret.

Det er derfor viktig at vi har dei rette e-postadressene til alle føresette som skal ha denne informasjonen.

 

Organisering:
Skulemusikken har eit styre og eit driftsutval som du finn under ”Kontaktinformasjon”. Vedtektene våre gir eit grundig bilde av korleis vi er organisert. Vi trur at nybyrjarforeldre vil ha nytte av å sjå gjennom desse. Du finn dei via ”Om skulemusikken” i menyen til venstre, og under ”Årsmeldingar og vedtekter”. Bø skulemusikk er tilknytta Korpsnett Norge, ein liten, men aktiv og svært nyttig støttespelar for oss. Sjå www.korpsnett.no.