ÅRSMELDING FOR BØ SKULEMUSIKK 2005
Styret.
Styret i Bø skulemusikk
har i 2005 vore sett saman slik:
Styret:
Funksjon |
Periode |
Namn |
Gjeldande
periode |
Leiar |
1 år |
Trude Lindgren |
1 år (attval 05) |
Nestleiar |
1 år |
Turid Fagerli |
1 år (attval 05) |
Kasserar |
2 år |
Dag Hallvard Østtveit |
2 år (attval 05) |
Sekretær |
2 år |
Pål Iden |
1 år (ikkje på val) |
Styremedl. (økonomiutv.) |
2 år |
Heidi
Troneng
|
2 år ( attval 05 ) |
Styremedl. (matr.kom) |
2 år |
Åshild Sele |
1 år (ikkje på val) |
Varamedlem |
1 år |
Hans Bakke |
1 år (attval 05) |
Tillitsvalde musikantar
frå korpset har vore Nina Beate Haugland og Per Ola Stålberg Dirigent Guri Røsok har møtt på styremøta.
Det har i løpet av året vore 8 styremøte, og det har vore handsama 46
saker.
Mykje av tida har gått med
til å planlegge ulike aktivitetar for korpset.
Medlemstal.
Ved utgangen av året 2005 var talet på musikantar 66. Av desse er det 6
aspirantar og 12 nybyrjarar. Blant aspirantane og nybyrjarane er det 3 på
slagverk, 1 på fløyte, 5 på klarinett, 1 på Walthorn, og 8 på trompet.
Dirigent.
Guri Røsok har dirigert korpset
dette året.
Faste øvingar:
Øvingane har gått føre seg i Gullbring kvar
torsdag 18.45 –21.00.
Frammøtet
blant musikantane har stort sett vore bra, men det kan framleis verta betre.
Dei eldste i korpset har i tillegg høve til å bli med i ungdomskorpset som
har øving på måndagskveldane. Frå hausten 2005 var 4 korpsmusikantar med i
ungdomskorpset.
Sommarlandfestivalen.
Arrangementet gjekk føre
seg i tida 17.–19. juni.
Arrangementet fungerte
også i år svært bra, og ein fekk gode tilbakemeldingar.
Det var omlag 2000
påmeldte musikantar og veret var på vår side dette året
Det økonomiske resultatet var også bra, ein viser her
til årsrekneskapen for 2005.
Inntektsgjevande
arrangement i korpset.
Også dette året har
korpset arrangert loppemarknad, eit arrangement som veks fra år til år.
Omsetnaden vart i år på kr
79 000!
I tillegg har korpset i
2005 arrangert kakebasarar og bingo saman med ungdomslaget.
Speleautomaten på
Bøsenteret har og gjeve inntekter for korpset.
Foreldra sin innsats på
dei ulike dugnadane har som vanleg vore omfattande, og ei stor takk går til
alle heimane.
Turar
Øvingsseminar i Rauland i januar. Dette vart svært vellukka, både
musikalsk og sosialt.
Prosjekt: ”Juleshow”
I samarbeid mellom skulemusikken og musikkskulen, vart det arrangert
musikalsk Juleshow med 2 framsyningar i Storsalen fredag og laurdag 2. og 3.
desember. Jon Rørmark var ansvarleg for musikk og regi.
Skulemusikken og heile kulturlivet i Bø skuldar han ei stor takk!
Oppsetjinga vart ein publikumssuksess som hausta lovord i pressa.
Musikantane i skulemusikken og foreldra stod på med kunstnarisk og
organisatorisk innsats.
For ei dugnadsånd!
Organisasjonstilknytning
Bø skulemusikk er knytt til Korpsnett Norge.
Aktivitetar i 2005:
Januar Laurdag 8: juletrefest Sandvin,
Fredag-sundag 21-23: Seminar, Rauland
Februar Torsdag 10: Årsmøte
April Laurdag 16: Konsert på
Sagavoll i lag med Gvarv
Mai Tysdag 17 Syttendemai.
Juni Tysdag 7.
Musikkskolekonsert
Fredag 17-søndag 19-SOMMARLANDFESTIVALEN
August Laurdag 27 og sundag 28:
Loppemarknad
September Laurdag 3: speling på barnas dag.
November Fredag 25: Julegrantenning
i Heradshusparken.
Fredag 2. og laurdag 3: Juleshow
Sundag 11: Me song og spelte jula inn i kyrkja.
Laurdag 24: Speling
julegudstenesta
Bø Skulemusikk har si eiga flotte heimeside.
Kasserar Dag Hallvard Østtveit er ansvarleg redaktør.
Styret