ÅRSMELDING FOR BØ SKULEMUSIKK 2003
Styret.
Styret i Bø
skulemusikk har i året gjekk, vore sett saman slik:
Leiar
Nestleiar Hannele Hestetun
Kasserar Dag Hallvard Østtveit
Sekretær Pål Iden
Styremedlem Åshild Sele
Styremedlem Knut Haugland
Varamedlem Hans Bakke
Tillitsvalde
musikantar frå korpset har vore Marianne Krogstad og Are Olsen.
Dirigent
Det
har i løpet av året vore 8 styremøte, og det har vore handsama 56 saker.
Mykje av
tida har gått med til å planlegge ulike aktivitetar for korpset.
Medlemstal.
Ved
utgangen av året 2003 var
talet på musikantar 67. Av desse er det 11 aspirantar og 17 nybyrjarar. Blant
aspirantane og nybyrjarane er det 4 på slagverk, 2 på saksofon, 3 på fløyte, 7 på klarinett., 2 på trombone, 1 på
Baryton og 10 på Kornett.
Dirigent.
Faste øvinga :
Øvingane har gått føre seg i Gullbring kvar torsdag 18.45 –21.00.
Frammøtet blant musikantane har stort sett vore bra, men det må
nok ein gong nemnast kor viktig det er at ungane prioriterer
frammøte kvar veke.
Dei eldste i korpset har i tillegg høve til å bli med i ungdomskorpset som har øving på
mondagskveldane. Frå hausten 2003 var 2 korpsmusikantar med i
ungdomskorpset.
Sommarlandfestivalen.
Arrangementet
gjekk føre seg i tida 20.- 22. juni.
Arrangementet fungerte bra, og ein fekk gode tilbakemeldingar.
Det var omlag
2300 påmeldte musikantar,
og dette
er rekordhøgt.
Det økonomiske resultatet var også rekordhøgt, ein syner her til årskeknskapen
for 2003.
Inntektsgjevande
arrangement i korpset.
Også dette året har korpset arrangert loppemarknad, i
tillegg til 3 kakebasarane, bingo samen med
ungdomslaget samt gjennomført
binding og sal av fastelavnsris.
Foreldra sin innsats på dei ulike dugnadane har som
vanleg vore omfattande,
og ei stor takk går til alle heimane.-.
Turar
Øvingshelga i Kragerø i august var korpset sin utflukt i 2003
Organisasjonstilknytning
Bø
skulemusikk knytta
til Korpsnett Norge.
Aktivitetar i 2003.
Januar Laurdag 11: juletrefest
Februar Fredag 7: musikkskulekonsert der enkelte
deltek etter avtale med lærar.
Laurdag 22.:
fastelavnsrisbinding
Torsdag 27:Årsmøte på Oppåstugo, Konsert og utdeling av
stjerner
Mars Torsdag 13: konsert, Storsalen kl. 20.00
Søndag 23. Konsert
April Onsdag 9: konsertar på Bø /Folkestad skule.
Mai Torsdag
1: 1. mai speling/marsjtrening
Laurdag
17: fest og jubel
med eige program.
Sundag 25:
konfirmasjonsspelingar
Juni Fredag
20:
sommaravslutning i Gullbring kl. 10.00
Fredag-sundag,
20-22: Sommarlandfestival
August Fredag 22-sundag 24: øvingshelg i Kragerø for
korps og aspirantkorps.
Laurdag 30: loppemarknad på Skoghaugen.
September Laurdag
6: Speling for ”Barnas dag”.
Laurdag 27: kakebasar på Bø-senteret
Oktober Torsdag 23: Ensemblekonsert kl. 18.00. Foreldremøte
November Fredag 21:
musikkskulekonsert.
Fredag 28: Tenning av julegrana.
Desember Sundag 14:
julekonsert i kyrkja. Konsert kl. 19.00.
Onsdag
24: speling på siste gudstjenesta kl.15.30
Framdrifta IKT – satsinga i
styret.
Framleis
er det mange heimar som ikkje har sendt e-postadressa si til styret.
Til
alle : Send ein mail til idenp@online.no (sekretæren), så får de
posten elektronisk. Elektronisk kommunikasjon vil verta taken i bruk i
løpet av 2004.
Frå
2004 vil Bø
Skulemusikk få si eiga heimeside
Styret